Førland trekkjer seg som styreleiar i Folgefonnsenteret

DEL

Styreleiar Knut Førland, Kvinnherad og nestleiar Sigrid Brattabø Handegard, Jondal orienterte i går styret i Stiftinga Folgefonnsenteret at dei utan opphald trekkjer seg som styremedlemmer.

Bakgrunnen er manglande samhandling og ulikt syn i styret på kva som er den beste strategien for å løysa dei økonomiske utfordringane i Stiftinga Folgefonnsenteret.

I ei pressemelding heiter det at styreleiar og nestleiar trer tilbake, og at dette er eit tydeleg signal om at styret og stiftarane må ta ei evaluering på styrearbeidet.

– I samband med dette vil det også vera naturleg å vurdera om dagens styresamansetjing er den beste. Sjølv om ting akkurat no verkar utfordrande, er det ingen grunn til å sjå mørkt på situasjonen. Folgefonnsenteret har eit fantastisk potensiale som formidlingsarena med fokus på klimaendringar og berekraft. Det tette samarbeidet som er etablert med Universitetet i Bergen og dei to verdsleiande forskingsmiljøa, Bjerknessenteret og Havforskingsinstituttet, representerer unike moglegheiter for regionen vår. Dette må vi ikkje skusla bort gjennom intern usemje, seier avtroppande styreleiar Knut Førland i pressemeldinga.

Lite samhandling

– Manglande samhandling i styret om fleire viktige saker har skapt dårlege samarbeidsforhold, og gjort styrearbeidet unødvendig krevjande. Lysta og viljen til å stå på vidare er borte, og då har eg ikkje noko anna val enn å trekkja meg frå styret, seier avtroppande nestleiar Sigrid Brattabø Handegard i pressemeldinga.

Både Førland og Brattabø Handegard beklagar at dei finn å måtta trekkja seg frå styret i ein krevjande fase for Folgefonnsenteret.

– At dette kjem opp berre ein månad etter at dagleg leiar sa opp stillinga gjer det heile ekstra beklageleg, men midt oppi det heile må vi no først og fremst tenkja på kva som er det rette å gjera for oss reint personleg, seier dei i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags