4336 har vore innom Folgefonnsenteret

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Sidan opninga 2. mai har det vore 4336 personar som har betalt billett til Folgefonnsenteret.

I ei pressemelding frå styreleiar i Stiftinga Folgefonnsenteret Knut Førland heiter det at totalt 5000 har vore innom, om ein tek med dei som var innom opningsdagen òg.

Folgefonnsenteret har fått ein god start, skriv Førland i pressemeldinga.

Tala syner då at det i snitt har vore neste 50 betalande innom kvar dag sidan opninga.

Vidare heiter det at byrjinga av august har vore svært god og at det er booka inn fleire store grupper. Mellom anna skal NCE Marine CleanTech ha ei stor mottaking på Folgefonnsenteret 24. august i samband med eit 2-dagars arrangement i Rosendal der Smart & Grøn vekst står på dagsorden. Både Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger har også grupper som skal innom Folgefonnsenteret i løpet av august.

– Mange skular har meddelt at dei kjem til å bruke Folgefonnsenteret aktivt i undervisninga, og blant desse er Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen, ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen er såkalla «Universitetsskule» og har spesiell fokus på teknologi, innovasjon, forsking og ei berekraftig utvikling. Leiargruppa ved skulen var i går i Rosendal for å drøfta det vidare samarbeidet med Folgefonnsenteret, skriv Førland i pressemeldinga.

Skal nå målet neste år

– Til å vera eit heilt nytt senter er vi nøgde med besøkstala så langt, og spesielt juli var ein svært god månad med nesten 2.000 besøkjande. Om vi klarar budsjettet på 15.000 besøkjande første året skal nok halda hardt, men neste år bør dette vera eit realistisk mål, seier Knut Førland, arbeidande styreleiar i Stiftinga Folgefonnsenteret i pressemeldinga.

Han peiker på at tilbakemeldingane frå besøkjande meir eller mindre har vore utelukkande vore positive, og det tar dei som eit prov på at innhaldsaktørane og fagfolka som står bak utstillingane har treft blinken.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags