Storfint journalistbesøk frå Spania

PÅ BESØK: Den spanske journalisten Isidoro Merino (t.h.) besøkte denne veka Rosendal og Kvinnherad for å laga reisereportasje til den spanske avisa han jobbar i, El Pais i Madrid. Her ser du han saman med kona og sonen.

PÅ BESØK: Den spanske journalisten Isidoro Merino (t.h.) besøkte denne veka Rosendal og Kvinnherad for å laga reisereportasje til den spanske avisa han jobbar i, El Pais i Madrid. Her ser du han saman med kona og sonen.

Spanske Isidoro skal skriva reisereportasje frå Rosendal og Kvinnherad for å gjera området meir attraktivt for spanske turistar.

DEL

Journalisten Isidoro Merino frå avisa El Pais i Madrid, Spania, var denne veka på ein liten norgesturné i regi av Innovasjon Norge, Fjordnorge, VisitHardangerfjord og medlemsbedriftene i sistnemnde. Etter nokre dagar i Bergen stod Kvinnherad og Rosendal på programmet. Med seg hadde Isidoro både kone og son, og dei fekk oppleva norsk natur på sitt beste. Nokre av aktivitetane dei deltok på var blant anna fjelltur til Kjeldestøl og turstien til Myrdalsvatnet. Dei var også så heldige å få med seg utstillinga til Dronning Sonja hjå Galleri G Guddal. Og det seier seg vel sjølv – ein kan ikkje la vera å besøkja Baroniet Rosendal og vandra rundt i dei majestetiske omgivnadane der.

Når Kvinnheringen spurde kva han sette mest pris på under turen, brukte han ikkje lang tid på å svara: Fjelltur!

– Sjølv om det er fjell og turområde i Spania, var denne opplevinga noko heilt anna. Det var heilt fantastisk, fortalde den spanske journalisten.

Isidoro er ikkje så vand med å gå fjelltur, og etter 1-1.5 timar merka han det godt i beina. Men han stadfesta at det likevel var vel verdt det. Isidoro har sjølv besøkt Noreg tidlegare, men dette var første gong han utforska Kvinnherad-området.

– Dei fleste spanjolane reiser stort sett mellom Stavanger og Bergen, og det er ikkje alltid dei er klare over at det går båt innover her, fortalde han.

Det var strålande sol i Rosendal då Kvinnheringen møtte han tysdag, og Isidoro med familie gjorde seg klar til å gå om bord i Hardangerfjordekspressen til Flesland. Dei var heldige og kunne stå på dekk og nyta nokre siste blikk av bygda og dei omkringliggande fjella dei nett hadde utforska. Når han kjem tilbake til Madrid skal han skriva reportasje frå turen og kjem som sagt til å trekkja fram fjelltur som eit av dei store høgdepunkta.

Saka held fram under bildet.

Godt nøgd med sommarbesøket

Karen Løvfall Våge frå Kvinnherad turistinformasjon fortalde at besøket hadde vore vellykka.

– Me synest dette var eit fint tiltak, og det er kjekt å gjera fleire turistar merksame på at det går ein båt mellom Bergen og Rosendal. Og så er det jo veldig kjekt med god omtale av Kvinnherad.

Vidare fortalde Våge at mange av turistane som kjem til Rosendal er nordmenn som har planar om å gå i fjellet. Det har vore mange tyske og nederlandske turistar på besøk tidlegare i sommar, og no i august har dei sett ein oppgang i syd-europeiske turistar. Ei anna gruppe med auka interesse for Kvinnherad er amerikanarane.

– Direkteruter til Bergen og gunstig valutakurs har nok gjort oss meir attraktive for denne gruppa turistar.

Sjølv om sommaren går mot slutten, er ikkje turistsesongen over:

– Vi har nok bevega oss over turisttoppen, men det er fortsatt gode månadar igjen, meinte Våge.

Artikkeltags