Folk slepp ut av bilen på ferjene att

Passasjerar om bord på Fjord 1 sine ferjer får no lov til å gå ut av bilen på overfarten. Sidan 15. mars har koronatiltaka ført til at passasjerane har måtta sitje inne i bilen. No kan dei nytte salongane om bord, men dei må halde to meters avstand frå andre passasjerar. Her frå M/F «Hillefjord» som går i Ranavik–Skjersholmane-sambandet.

Av

Ferjereiarlaget Fjord1 opphevar nokon av tiltaka som reiarlaget innførte på ferjene sine i mars. No slepp passasjerane å sitje i bilen på overfarten.

DEL

Frå fredag kan passasjerane igjen sitje i passasjersalongane om bord på ferjene, under den føresetnaden av dei følgjer dei nasjonale råda om avstand til andre.

Samtidig blir dei sjølvekspederte kioskane opna att på strekningane Arsvågen–Mortavika i Rogaland og Anda–Lote i Nordfjord.

Innan 1. mai vil reiarlaget òg vurdere å opne dei sjølvekspederte kioskane på fleire av dei større ferjesambanda att, og dessutan jobbe for å finne løysingar for å opne resten av kioskane på ferjene til reiarlaget.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags