Folkemøte om Fjelbergsambandet

Denne gjengen har engasjert seg for å få fortgang i Fjelbergsambandet. Laurdag blir det folkemøte. (Foto: Elisabeth Berg Hass).

Denne gjengen har engasjert seg for å få fortgang i Fjelbergsambandet. Laurdag blir det folkemøte. (Foto: Elisabeth Berg Hass).

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Første april vert det folkemøte på Fjelberg Prestegard med Fjelberg-sambandet som tema.

Kan vi saman få fortgang i realisering av Fjelbergsambandet? I 1965 vart bru mellom Fjelbergøy og Borgundøy prioritert politisk i Kvinnherad kommunestyre.

Og sjølv om Fjelbergsambandet har vore eit tilbakevendande tema fleire gonger sidan, ventar framleis øysamfunnet på bru og samband til fastlandet.  No ønskjer det vesle lokalsamfunnet som er att på øyene å få fortgang i planane. Difor inviterer vi til folkemøte på Fjelberg prestegard den 1. april.

NRK-reporter Oddgeir Øystese har takka ja til å vera ordstyrar.

I tillegg kjem Nils T. Bjørke (Sp), leiar for Utval for miljø og samferdsle i Hordaland, stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap), varaordførar i Kvinnherad Hans Inge Myrvold (Sp), samt kommunestyrerepresentantane Kai Morten Torget (Frp) og Arne Bjørnevik (H). Vi satsar på ein frisk debatt og gode forslag til løysingar for korleis sambandet kan realiserast.

Møtet er ope for alle, og vi håpar vi klarar å fylla prestegarden med folk, debatt og god stemning.

Fjelberg bygdelag,
ved Marianne Nordhus

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags