Første folkemøtet i valkampen

Redaktørane Håvard Sætrevik (ståande på bildet) og Tomas Bruvik "grilla" politikarane med spørsmål.

Redaktørane Håvard Sætrevik (ståande på bildet) og Tomas Bruvik "grilla" politikarane med spørsmål.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Varaldsøy aldersheim, institusjonsmat, Sunnhordlandsdiagonalen og moglege samarbeidspartnarar var tema for folkemøtet i Rosendal tysdag kveld.

DEL

For første gong i denne valkampen var dei ni ordførarkandidatane samla til folkedebatt, og heile 100 publikummarar fylte opp restauranten på Rosendal turisthotell for å få dette med seg. Lokalavisene var arrangørar, og dei to redaktørane Tomas Bruvik og Håvard Sætrevik hadde førebudd ei rekkje spørsmål etter oppmoding frå avislesarane. Det første kandidatane måtte svara på, var kor vidt deira parti vil leggja ned Varaldsøy aldersheim eller ikkje når nytt Rosendalstun er på plass. Her var alle partia samde om at dei ville sjå på høvet for å behalda heimen i ei eller anna form, anten som bufellesskap, rehabiliteringsplassar eller anna.

– Her var det rørande semje. Alle vil ha drift på Varaldsøy, ingen veit korleis dei vil finansiera, summerte ordstyrarane opp.

Les meir om spørsmåla og svara som blei tekne opp på folkemøtet i avisa på fredag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags