Inviterer til nytt folkemøte

Inviterer til møte: Desse fire håpar folkemøtet på måndag vil gi mange gode svar frå politikarane. F.v.: Leiar i fagforbundet i Kvinnherad, May Britt Bekvik, leiar i LO i Kvinnherad, Tor Thorsen, og Olaug Heggenes og Atie Skarveland i Utdanningsforbundet.

Inviterer til møte: Desse fire håpar folkemøtet på måndag vil gi mange gode svar frå politikarane. F.v.: Leiar i fagforbundet i Kvinnherad, May Britt Bekvik, leiar i LO i Kvinnherad, Tor Thorsen, og Olaug Heggenes og Atie Skarveland i Utdanningsforbundet.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Måndag kveld blir det folkemøte og paneldebatt med politikarane i Kulturhuset Husnes.

DEL

Tidlegare har det vore slike folkemøte på Hatlestrand og i Rosendal, og no er det Husnes sin tur. Denne gongen er det Utdanningsforbundet i Kvinnherad og LO i Kvinnherad som har regien, medan redaktørane i Kvinnheringen og Grenda skal vera ordstyrarar.

– Vi forventar at alle dei politiske partia i Kvinnherad stiller med ein representant til panelet, og har fått svar frå dei fleste om at dei kjem, fortel Olaug Heggenes, leiar i Utdanningsforbundet i Kvinnherad.

Det er spesielt to tema som blir viktige på dette folkemøtet: Skule og oppvekst, og offentlege tenester.

– Vi ser at det er desse temaa som har vore mest debattert dei siste fire åra, og vi er spente på kva løysingar dei ulike partia ser for seg. Vi håpar å få fram kor dei ulike partia står, og kva politikk dei vil føra viss dei kjem til makta, seier leiar i LO i Kvinnherad, Tor Thorsen.

Heggenes skal ha eit opningsinnlegg, og leiar for Fagforbundet i Kvinnherad, May Britt Bekvik, skal også ha innlegg.Forutan spørsmåla som redaktørane skal stilla politikarane, blir det opna for spørsmål frå salen.

– Det er mange som jobbar innanfor skule og barnehage og offentleg sektor, og vi håpar verkeleg at mange av dei kjem på møtet, slik at dei kan utfordra politikarane på dei rette spørsmåla. Det er innanfor desse to sektorane kommunen bruker størstedelen av pengepotten, legg Thorsen til.

– Møtet er ope for alle, og spesielt dei som ikkje har bestemt seg for kva parti dei skal stemma på enno, bør ta turen. Vi vil jo at flest mogleg skal nytta seg av stemmeretten sin, oppfordrar Heggenes.

Møtet vil vara rundt to timar.

– Vi forventar klare svar frå politikarane. Kor vil dei bruka pengar, og kva vil dei kutta i? spør Thorsen.

Artikkeltags