Gå til sidens hovedinnhold

Folkeopplysning om covid-19 i regi av senioruniversitetet: No har du sjansen til å stilla spørsmåla du lurer på

Kvinnherad Senioruniversitet inviterer til ope møte på Husnes 11. mars, og har fått Henriette Christie Ertsås frå «Forskning Til Folket» til å komma og fortelja om covid-19, vaksinering og vaksineskepsis.

Ertsås har doktorgrad i kreftforskning og hovedfag i virologi, forutan ein mastergrad i skodespel, noko som gjer henne godt eigna til å formidla avansert naturvitskap til folket. Ho er engasjert av Bergen Covid-19 Research group 2020/21.

«Du treng ikkje vera innbitt vaksinemotstandar for å føretrekka plass bakarst i koronavaksinekøen. Vaksineskepsis frå avkrokar på internett finn vegen heilt ut til etablerte medium. Det er forståeleg at du nøler. Då må vi som har brukt all verdas tid på å forstå virus kunna forklara kvifor vaksine faktisk er bra for deg. No har du sjansen til å stilla spørsmåla du lurer på avhengig av siste oppslag i avisa, gjeldande smittetal eller annonserte vaksinebiverknader» står det i pressemeldinga om arrangementet.

Ved hjelp av metaforar du kjenner frå din eigen kvardag forklarer «Forskning Til Folket» kvifor covid-19 er farleg for mange eldre, medan barn flest knapt opplever ubehag i halsen. Du får sjå med eigne auge korleis eit mutantvirus er annleis og kva som skil dei ulike vaksinane. Antistoff, antigen, T-celler og B-celler tar plassen til Jesus på flanellografen.

Immunreaksjon handlar eigentleg om molekyl som tiltrekker kvarandre, og atter andre molekyl som kjem imellom og hindrar dei å binda kvarandre. Omtrent som relasjonar mellom menneske. Når relasjonar blir brotne blir det sjalusidrama og betent stemning, der aggressive beskjedar blir kasta veggimellom. Det er sjølve definisjonen på ein immunreaksjon.

Det heile blir innleia med at Dr. Kvakk Salver entrar scena og tilbyr ein heilt ny koronatest. Blir du blenda av blinkande lys og gøyal marknadsføring eller kjem den kritiske sansen din deg til unnsetning?

Arrangementet vil følgja dei gjeldande smittevernreglene. Det betyr avgrensa tal tilhøyrarar, «spriting» av hender ved inngangen og registrering av publikum. Det er gratis inngang, men inga servering.

Etter føredraget blir det årsmøte i Kvinnherad Senioruniversitet.

Kommentarer til denne saken