Slik er folketalsutviklinga i Kvinnherad

Rosendal hadde fin auke i folketalet. (Arkivfoto: Hilde Elise Førde-Tislevoll).

Rosendal hadde fin auke i folketalet. (Arkivfoto: Hilde Elise Førde-Tislevoll).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnherad er delt i 23 krinsar når det gjeld registrering av folketal, så mange av dei hadde vekst i 2018.

DEL

Sjå oversikt nedst i saka!

Det totale folketalet i Kvinnherad i januar 2019 er på 13.160 innbyggjarar.

– I løpet av året 2018 har vi hatt ein nedgang på 27 personar i heile kommunen. Folketalet held seg altså nokså stabilt, men med ein svak nedgang frå året før, opplyser Harald Maaland i Kvinnherad kommune.

Fleire bygder har relativt stor nedgang, det gjeld Sunde (- 20), Herøysund (- 17), Omvikdalen (- 16) og Seglem (- 14).

Vekst finn vi i Rosendal (Malmanger) som aukar med 22 innbyggjar, medan Husnes har fått 13 fleire innbyggjarar og Tofte har ein pluss på 10.

I den første tabellen som er send ut står det at Valen har fått 25 færre innbyggjarar, men her er det truleg ein liten reknefeil, slik at Valen faktisk er bygda med størst auke med 25 nye innbyggjarar.

Vi kjem med oppklaring på dette når ein har sett på tala på ny i kommunen.

Maaland meiner og det er verdt å merka seg at talet innbyggjarar med ukjend skulekrins har gått opp med 21 personar. Dette skuldast at Kvinnherad kommune har gått over til ein ny leverandør av data om folkesetnad, og at desse personane ikkje vert registrert på nøyaktig same måte som tidlegare. Dette vil sjølvsagt òg påverke den interne fordelinga av folk mellom bygdene, og sjå meir negativt ut enn det er i verkelegheita.

– Overgangen til nytt system kan ha hatt ein innverknad på inndelinga i folketal mellom bygdene, slik at endringane frå året før i nokre tilfelle kan vere misvisande, opplyser Maaland i ein epost.

Desse to atterhalda har likevel ikkje noko å seia for det totale biletet av Kvinnherad som ein kommune med stabilt folketal, generelt svak nedgang, og at det er dei større bygdene som best klarar å oppretthalde folketalet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags