Arrangerer samling for 2019-barna

Julian Durski frå Sunde blei fødd 6. februar i 2019, og er ein av dei 93 babyane ordførar Hilde Enstad vil invitera til nyføddsamling i Kulturhuset Husnes seinare denne månaden.

Julian Durski frå Sunde blei fødd 6. februar i 2019, og er ein av dei 93 babyane ordførar Hilde Enstad vil invitera til nyføddsamling i Kulturhuset Husnes seinare denne månaden.

Kommunen vil invitera alle kvinnheringane som kom til verda i 2019 til ei uformell og kjekk samling i Kulturhuset Husnes i slutten av februar.

DEL


Fungerande ordførar Hilde Enstad vil lytta til dei som veit kor skoen trykker for å finna ut kva som må til for å snu folketalsutviklinga i Kvinnherad i ei meir positiv retning.

Ho har difor tatt initiativet til ei nyføddsamling i Kulturhuset Husnes. Går alt etter planen, vil den gå av stabelen 22. februar.

– Vi ønskjer å invitera alle dei 93 barna som kom til verda i kommunen vår i 2019 til ei samling i lag med foreldre og eventuelle søsken. Ei uformell samling med servering av bollar og saft, ein lyttepost for å bli betre kjent med familiane. Håpet er at vi skal få nokre svar frå foreldra; kva treng dei og kva forventar dei av kommunen? Og kanskje viktigast av alt; kva skal til for at dei får nok eit barn eller fleire?

Ho seier at då ho sysla med ideen såg ho at Jølser kommune har arrangert dette i mange år, med suksess. Ho fekk med seg ordførar Hans Inge Myrvold og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik på planane.

Enno står det att å få politisk godkjenning, men Enstad reknar med at ideen vil falla i smak hos dei andre politikarane òg.

– I tillegg til å prata i lag, planlegg vi at vi også kan nytta samlinga til å få spreidd litt informasjon om kva tilbod som finst for babyforeldre i kommunen, til dømes babysong, babysymjing og slike ting. Nokre har kanskje spørsmål om korleis ein søkjer på barnehageplass, så vi vil prøva å informert litt om dette òg. Litt underhaldning blir det nok kanskje òg, seier Enstad.

Ho legg til at ho håpar dette kan bli eit årleg arrangement i Kvinnherad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags