Solveig (77) ryddar stien for boss

PLUKKAR BOSS: Solveig har alltid med seg ein plastikkpose når ho går tur, og det tar ikkje lange tida før ho har fylt ein til randen med boss som ligg og flyt i naturen.

PLUKKAR BOSS: Solveig har alltid med seg ein plastikkpose når ho går tur, og det tar ikkje lange tida før ho har fylt ein til randen med boss som ligg og flyt i naturen.

Solveig Mo (77) slår to fluger i ein smekk. Medan ho går tur, samlar ho like gjerne inn boss som ligg langs stien.

DEL

Folk i Kvinnherad:– Eg blir så gyseleg irritert over alt dette rotet når eg er ute og går.

Solveig refererer då til alt bosset som forsøplar naturen.

Kvar dag er den spreke dama ute på tur, og ho går jamleg på tur langs «Søralløypa». Dei siste tre åra har ho alltid hatt med seg ein plastikkpose i lomma. Denne fyller ho med boss, og det går relativt kjapt, for det er ein del å ta av. Gamle brusboksar, snusboksar og flasker er innhald som ofte går att.

– Det er ikkje akkurat vanskeleg å fylla ein pose, berre sjå utover her, seier Solveig og peikar på plastikkemballasje som ligg strødd nedanfor rasteplassen ved Stripo.

– Heldigvis begynner stien i skogen her å bli ganske rein no, ler ho.

Solveig synest likevel det er meir boss no enn ho kan minnast at det har vore før.

– Denne plasten, den vil jo aldri forvitra! Det berre samlar seg opp.

Solveig knyter saman plastposen og legg den i ei bossbøtte ved rasteplassen på Stripo.

– Tenk om alle som var ute og gjekk tur kunne plukka litt boss. Då hadde det straks blitt litt betre, seier Solveig bestemt før ho går vidare på runden sin.

Artikkeltags