Vaks opp i søskenflokk på 13

GODE VENER: Søstrene Helga og Ruth bur i dag på Sandvoll og Utåker, og har vore nære vener gjennom heile livet.

GODE VENER: Søstrene Helga og Ruth bur i dag på Sandvoll og Utåker, og har vore nære vener gjennom heile livet.

Søstrene Helga og Ruth heitte Teigen til pikenamn, men no har dei begge etternamnet Heimvik.

DEL

Folk i Kvinnherad:

Dei ler godt desse to søstrene, og det merkast at dei har eit godt venskap. Helga Heimvik (80) og Ruth Heimvik (76) gifta seg med to karar frå Utåker. Desse karane var tremenningar. Dermed deler dei to søstrene same etternamn i vaksen alder, slik dei gjorde i sine yngre år. Dei gjekk frå å heita Teigen til Heimvik.

– Vi vaks opp på Teigen i ein søskenflokk på 13, fortel Ruth.

– Og i dag har eg rundt 50 tantebarn, held ho fram.

Dei to søstrene trefte ektemennene sine i ungdomen då dei var rundt 20 år.

– Eg var på juletrefest, og vi gjekk rundt juletreet. Der trefte eg min Heimvik, ler Helga.

– Ja, det var stor fest rundt juletider med juletrefestane i gamle dagar, smiler Ruth.

Ho kjem i hug at ho fekk ei nydeleg dokke av mannen sin i ungdomstida. Den hadde langt svart hår og ein nydeleg gul kjole.

– Eg gøymde den alltid når eg fekk besøk, for eg var så glad i den.

– Du hugsar jammen godt, ler Helga.

– Ja, den dokka gjorde inntrykk, smiler Ruth tilbake.

Artikkeltags