Gå til sidens hovedinnhold

Folksamt under opninga av ny hinderløype

Det var mange som tok turen til Sjøvangen på Halsnøy laurdag, då det var duka for offisiell opning av hinderløypa. Både ambulansepersonell og Røde Kors var på staden for å syta for at det heile gjekk fint for seg. Også representantar frå politiet var til stades, men dei skulle vera eitt av i alt fem lag som fekk bryna seg på den utfordrande løypa, og tilskuerane var mange. På programmet stod også auksjon av gamle og nye ting, lotteri og kaffi.