Forbrukarrådet oppmodar alle om å byte straumavtale

Av

Spotprisane på straum er historisk låge, og forskjellane mellom dei dyraste og billegaste avtalane er store. Forbrukarrådet oppmodar no alle om å byte avtale.

DEL


– Den siste tida har det kome ei rekkje gode tilbod som varer lenge. Dette gjer at du enkelt kan velje gode avtalar utan å måtte sjekke kvar månad om du har vorte flytta over på ein dyrare avtale, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådets teneste Strømpris.no viser ei samanlikning av avtalane på straummarknaden, og Blyverket oppmodar alle om å sjekke straumavtalen sin.

– Viss du har ein variabel avtale eller ein dyr spotavtale med høge påslag, er dette tida for å byte, seier ho.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags