Det skriv Norsk Gjeldsinformasjon i ei pressemelding.

I juli var det fleire enn før som ikkje betalte alt dei skylde ved forfall.

– Etter fellesferien ser vi at fleire ikkje betaler alt dei har uteståande av forbruksgjelda si, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon.

– Vi håpar at folk klarer å planleggje eigen økonomi framover, slik at vi ikkje får ein markant auke i forbruksgjelda og renteberande rammekreditt utover hausten, fortel Karstensen.

(©NPK)