Via SLT-koordinator Heidi Bolette Jakobsen har vi fått tilgang til statistikk som viser oppgang i talet på unge som slit med psykiske problem og tunge tankar. Plagene ser ut til å auka i utbreiing med alderen, og også med tida.
Om vi ser nærare på eit par spørsmål i ei årleg trivselsundersøking blant elevane, får vi dette stadfesta. I 2019 svarte 34 prosent av dei spurde på vg 3 på vidaregåande «ja» på spørsmålet om dei siste veka hadde kjent seg ulykkelege, triste eller deprimerte. Prosentdelen som svarte «ja» på same spørsmålet og klassetrinnet i 2015, var 17. Med andre ord ei fordobling på fire år.
Eit anna viktig spørsmål i undersøkinga er om eleven føler håpløyse med tanke på framtida. Her svarte heile 41 prosent av dei spurde vg 3-elevane «ja» i 2019, medan 31 prosent svarte det same i 2015. Tala for ungdomsskulen ser langt betre ut, men er likevel så store at dei er tankevekkjande.

Slik får du hjelp om du blir psykisk sjuk
Kommunen hjelper
Sturla Helland er ein av to psykologar i den kommunale eininga for Barn og familie. Den andre er nytilsette Adalbjörg Heidur Björgvinsdottir. Eininga har nær kontakt med skulane frå grunnskule til vidaregåande, og kan tilby både korte og vedvarande opplegg for behandling for dei som slit med psykiske plager.
– Vi vurderer kvar enkelt person for å tilpassa behandlinga best mogleg. Nokre treng kan henda berre ein eingongsprat med psykolog, medan andre har behov for noko meir. I nokre tilfelle viser vi dei unge vidare til einingar i spesialisthelsetenesta, som BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) og DPS (Distriktspsykiatrisk senter).
Låg terskel
Ein treng verken tilvising eller formelle vedtak for å koma til hos psykologane i eininga for Barn og familie.
– Vi tar all kontakt på alvor, anten det er ungdomen sjølv som tar kontakt, eller det er skulen, foreldra eller andre. Ventetida på samtaletime ligg på rundt ei veke. I akutte tilfelle er ventetida kortare. Men det blir ingen samtale eller behandlingsopplegg utan at ungdomen sjølv vil det. Det er viktig å få med, seier Helland.
– Har eininga nok ressursar til å takla den auka pågangen?
– I fjor sleit vi litt, men etter at vi nyleg fekk ein ekstra psykolog, er kapasiteten tilfredsstillande.
Behandlinga i eininga er gratis, i motsetnad til kva den er om ein sjølv søkjer seg til privatpraktiserande psykologar.
Angst og depresjon
Vi spør psykologen om kva problemstillingar som er mest vanlege å koma med.
– Hos born dreier det seg ofte om typar av angst, medan ungdomar kan kjenna seg plaga av både angst og depresjon.
– Er det fleire enn før som slit med tankar om å ta sitt eige liv?
– Slike tankar er ikkje uvanlege blant ungdomar som kjem til oss, men eg er usikker på om det er fleire enn før. Til alle tider har ungdomar og andre tenkt slike tankar, men heldigvis lar dei fleste det bli med tanken.
– Kva trur du er forklaringa på det aukande talet på born og unge som søkjer hjelp for psykiske plager?
– Ei viktig forklaring er at ein stadig snakkar meir ope om slike plager. Det ser eg på som ei god utvikling og viktig for å dempa kjensla av å vera annleis eller utanfor, samtidig som terskelen for å søkja nødvendig hjelp er blitt lågare, hevdar Helland.
Men han peikar òg på ei anna side av saka:
– At ein snakkar ope om psykiske problem har gjort at slike tilstandar er blitt meir normaliserte, med den konsekvensen at nokre kanskje kjenner altfor godt etter. Aksepten for å spørja om hjelp er blitt større, og derfor blir det gjort meir enn før. Likevel kan ein ha i tankane at menneska alltid har slite med noko, og at det slett ikkje treng vera krise for det. Eg meiner ikkje med dette å avvisa nokon, eg meiner berre at vi må finna ein god balanse, og at det ikkje er bra å gjera angsten større enn han er, seier den erfarne psykologen.
