Gå til sidens hovedinnhold

Fordrekord på 5460

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredag 20. september spelar Fordrekord på 5460. Pressemeldinga lovar fest utan daudpunkt, skreddarsydd for glade menneske i alle aldrar som likar dansbar groove, gode melodiar og tekstar med litt brodd. På haugesundsk!

Med fire plater har bandet etablert seg som lokale favorittar som er mykje spelte på lokalradio-kanalar.

I pressemeldinga blir det òg vist til at terningkasta frå ulike musikkjournalistar stort sett har landa på fire, fem og seks. Musikken blir karakterisert som poprock inspirert av ska, hiphop og disko og 80-talet generelt.

Albumet «Bravo-Bravo» er det fjerde sidan 2011, og du kan finna musikken deira på Spotify og andre straumetenester. Med den siste plata satsar bandet å nå lengre enn Rogaland og Vestlandet.

Musikarane er Lars W. Sørensen (vokal), Leif Åge Vestbø (tangentar), Lars Eirik Støle (tangentar), Jarle Strømsvold (gitar og mandolin), Ole-Jørn Borum (bass/vokal) og Åsmund Glette (trommer).

Kommentarer til denne saken