Sterk historie på Matre Gjestetun

Hallgeir Berge kjem til Matre gjestetun den 19. oktober. (Pressefoto).

Hallgeir Berge kjem til Matre gjestetun den 19. oktober. (Pressefoto). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Hallgeir Berge fekk livet snudd på hovudet i ei stygg bilulukke i Gudvangatunnelen i 2003. 19. oktober kjem han til Matre Gjestetun for å fortelja historia si.

DEL

Påsken 2003 er 18 år gamle Hallgeir Berge frå Strandebarm og kjærasten på veg på påsketur. I Gudvangatunnelen duppar Berge av bak rattet, og ferda endar i tunnelveggen. Berge får ein naudtelefonboks i hovudet, og store delar av ansiktet hans vart regelrett rive av. I tillegg braut han nakken. Gjennom eit stort tal operasjonar i tida etterpå fekk legane rekonstruert ansiktet hans så godt som det lét seg gjera, men spora frå ulukka vil han alltid bera med seg. Ulukka endra ikkje berre utsjånaden hans. Den vekte òg til liv både vitebegjær og engasjement overfor andre menneske, og ei takksemd over å vera i live.

– Vi ser fram til å få besøk av Hallgeir Berge på Matre Gjestetun. Historia hans er noko heilt utanom det vanlege, og veldig sterk, og vi håpar ungdom så vel som vaksne vil ta turen for å høyra på han, då vi trur at også den unge generasjonen vil ha stort utbytte av å høyra på Berge sine erfaringar, seier Laila Lyngnes Tungesvik ved gjestetunet.

Ho seier interessa for føredraget til Berge allereie er stor, så ho oppmodar folk til å vera om seg med påmelding.

– Vi planlegg òg fleire føredrag utover hausten. Mellom anna kjem Ove og Grete Tvedt 2. november for å fortelja om engasjementet sitt i Ma Ma Children's center på Filippinene, fortel Tungesvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken