Her skal forfattaren frå Ålesund bokbadast av biblioteksjef Trude Hege Bergesen om den kritikarroste romanen «Tingenes tilstand».

– Dette er ein roman som på rått og usentimentalt vis set ord på ei vaksen dotter sitt vonde og kompliserte forhold til si eiga sjuke mor. Boka handlar om korleis det er å veksa opp med ei mor som er schizofren, skriv biblioteket i ei pressemelding.


Vanskeleg

Romanen føyer seg inn i rekka av verkelegheitslitteratur som «Min Kamp» av Karl Ove Knausgård og «Arv og miljø» av Vigdis Hjorth.

– Verkelegheitslitteratur er omstridt og vanskeleg å definera, men ligg i skjeringspunktet mellom dokumentar, biografi og skjønnlitteratur, og skildrar verkelege hendingar i forfattaren sitt liv. Ofte kan dei vera etisk vanskelege sidan det ofte handlar om verkelege personar, som kanskje enno er i live. Kva er sant og kva er ikkje sant, og kven eig sanninga, er spørsmål ein kan stilla seg, skriv biblioteket.

Og kanskje er det også spørsmål som Lillebø vil svara på under bokbadet i Kvinnherad bibliotek onsdag 23. november.