Gå til sidens hovedinnhold

Forseinka avislevering i dag, fredag

Ferja gjekk tom for straum.

Fleire Kvinnheringen-abonnentar har kontakta oss på morgonkvisten og etterlyst avisa, og no har vi fått vita at det er ei grunn til forseinkinga.

– Ferja gjekk tom for straum, så avisene kom ikkje før i 07-tida, fekk eg nett opplyst, fortel Jonny Nilsen, områdeleiar for Schibsted Distribusjon Vest.

Så då krysser vi fingrane for at abonnentane snart har fredagsutgåva, om noko seinare enn vanleg.

Kommentarer til denne saken