Første dagen i førsteklasse for Kristian (6)
Artikkelen er over 1 år gammel
Onsdag var ein stor dag for mange barn og foreldre i Kvinnherad. Ein av dei som var ekstra spent var Kristian Tvedt (6) frå Valen, som hadde sin første skuledag. Han gler seg mest til å leika med venene sine i friminutta, og fortel at han har fleire vener både i første og andre klasse.