Sunde Grendalag vann gratis førstehjelpskurs

DEL

Mellom 3.000 og 4.000 menneske får hjertestans i Norge. 70 % av desse får hjertestans i private heimar, og det var i 2018 i Helse Fonna sitt område berre 77 % av desse som fekk livreddande førstehjelp. For å setja fokus på kunnskap om førstehjelp blei det utlyst ein konkurranse på Facebook der premien var eit førstehjelpskurs. Sunde Grendalag vann konkurransen, og laurdag fekk grendelaget besøk av kursarrangør og førstehjelpar Jarle Haakonseth.

John Inge Nordfonn i Sunde Grendalag fortel at dei meldte seg på konkurransen sidan dei årleg har arrangement for barn og ungdom, både på og ved sjøen. Dei følte derfor behov for eit førstehjelpskurs, og var både overraska og glade for å vinna eit slikt kurs.

Fleire av deltakarane hadde ikkje teke førstehjelpskurs før, andre hadde ikkje vore på kurs på mange år. Nokre få hadde hatt kurs dei siste to åra, men repetisjon er uansett viktig ifølgje Haakonseth, for førstehjelp er «ferskvare».

– Vi føler at vi no står betre rusta til å yta førstehjelp, og fekk samtidig augo opp for å følgja meir med på menneske rundt oss, sa Nordfonn etter kurset.

Han takka Haakonseth for eit fantastisk kurs der alle var kjempefornøgde etterpå. At dei ville komma heilt frå Bømlo ein laurdag for å halda kurset er prisverdig, meinte Nordfonn.

Artikkeltags