Gå til sidens hovedinnhold

Førsteklasses handballmoro i Husneshallen

Laurdag trefte Kvinnherad Handballklubb blink med «Handballens dag» same dag som Norge gjenopna etter pandemien. I tillegg til to handballkampar, var førsteklassingar inviterte til ein morosam handballintroduksjon i Husneshallen. 18 ungar møtte og vart tatt godt hand om av instruktørane Cecilie Bjørke og Anita Røen, samt fire medhjelparar frå damelaget. Håpet er at klubben på sikt kan få til eit lagtilbod til denne aldersgruppa, opplyste Røen.