«Forsvinn den lokale beredskapen, så forsvinn tryggleiken. Forsvinn tryggleiken, så forsvinn folk»

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Lokal beredskap må byggjast for å imøtekomma klimaendringa, fungera under alle omstende, og vera tilgjengeleg nær folk. Som me alle veit så skjer ei ulukke sjeldan åleine. Kvinnherad sin beredskap må vera dimensjonert for å tåla akkurat dette.

Brannfolk treng gode arbeidsvilkår, god opplæring og godt utstyr. I mange år har bærebjelken i landet sin brannberedskap vore deltidstilsette brannfolk på ubemanna stasjonar. God opplæring, kort utrykkingstid og lokal kunnskap har i Kvinnherad har vore ein viktig faktor når alarmen har gått. Sentraliserande tiltak av både politi- og ambulansetenesta har mange plassar ført til at brannfolk ofte har vore først på staden ved både brann og ulukker. Dei har tilleggsutdanning som «first responders», med opplæring blant anna på bruk av hjertestartar. Dette kan utgjera forskjellen mellom liv og død. Når alarmen går trer vanlege folk, med andre utdanningar, inn i ei viktig beredskapsrolle. Ein får mykje lokal beredskap og tryggleik for ein relativt rimeleg sum. Dette er ein god samfunnsøkonomisk måte å organisera delar av brannvesenet på, spesielt i distrikta.

Kommunen bestemmer sjølv kor ein skal plassere ut brannutstyr. Løysinga for å oppretthalda ein desentralisert beredskap ligg i å gjera ubemanna brannstasjonar om til reine brann-depot. Alle brannfolk blir tilsett ved hovudbrannstasjonane, som blir bygd med gode nok fasilitetar, og dimensjonerte til å også kunna husa deltidstilsette brannfolk frå ubemanna stasjonar. Ved utrykking møter deltidstilsette på dei reine branndepota, hentar reint utstyr, og rykker ut. Etter utrykking returnerer mannskap og utstyr til dimensjonerte bemanna stasjonar for å dusja, eta, «de-briefa», vaska utstyr, henta reine klede osb.

På veglause øyar må ein sjå nærare på andre tiltak, då ein her er avhengig av ferje/båt for å nå fram til hovudbrannstasjon i etterkant av utrykking. Uansett trengst det også her ein funksjonell brannberedskap, nær folk!

Arbeidstilsynet har i e-post til meg skrive følgande om dette forslaget:

«Regelverket Arbeidstilsynet forvalter har ingen bestemmelser som omhandler vilkår for å kunne bruke ubemannede bygg som depot for brannutstyr. Arbeidsplassforskriften retter seg til alle arbeidsplasser og inneholder krav til hvordan arbeidsplasser skal utformes. Slik vi forstår din henvendelse vil alle arbeidstakere, både hel- og deltidsansatte, bruke hovedbrannstasjonene som base, og dermed er kravene til arbeidssted oppfylt her. Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) har ansvar for blant annet brann- og elsikkerhet, slik at det kan være at de kan bistå med eventuelt regelverk og krav til ubemannede brannstasjoner»

I Stortingsmeldinga om samfunnstryggleik i 2017, skreiv dagens regjering at det var behov for færre og større brann- og redningstenester. I distrikta vil eg seia dette er å gå baklengs inn i framtida. Ved å gjera dette, så trekker ein den lokale beredskapen lenger vekk frå folk. Ein slik politikk er ikkje praktisk tilrettelagd for distrikts-Norge. Forsvinn den lokale beredskapen, så forsvinn tryggleiken. Forsvinn tryggleiken, så forsvinn folk.

Kvinnherad har ein svært god lokal beredskap, med profesjonelle folk som gjer sitt ytste når alarmen går. Dette er viktig for at me alle skal kunna kjenna oss trygge i vår eiga heimbygd. Eit kart skal som me alle veit vera tilpassa terrenget, og ikkje omvendt. Akkurat derfor treng Kvinnherad framleis å ha ein lokalt tilpassa og desentralisert brannberedskap.

Jonny Lygre

Kvinnherad Senterparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags