«Om å setja korken i feil ende»

Av
DEL

MEININGARFor litt sidan stod det ei flott teikning i Kvinnheringen i samband med omtale av luftforureininga. Teikninga synte kyr som hadde fått proppa att rumpa så dei ikkje skulle fisa så mykje og forureina lufta. Resultat: Kyrne bolna opp og svevde i lufta som ballongar.

For nokre veker sidan sto det i eit lesarbrev i Kvinheringen at «kyrne fis for mykje». Men det er nok slik at du og eg er større forureinarar på dette viset enn kua (og dei andre drøvtyggarane). Kua representerer, etter mi meining, eit av verdas underverk. Ho har ein fantastisk kjemisk fabrikk i magen, eller rettare i dei fire mageavsnitta.

Jakob Sanda har sagt dette så treffande i Dyrestev:

Når talen kjem på kua

som er så kjær og kjend

og lever i den trua

at ho er himmelsend.

Ho kan det under gjera

som me kan dagleg sjå

at ho i tukt og æra

gjev mjølk av turre strå.

Ja, både turre strå, lauv og kvistar, ja, til og med celluloseplater vert gjennom meltingsprosessen i vom, nettmage, bladmage og løypemage omdanna slik at også me kunne ha nytta oss av denne «suppa».

Bakteriar, sopp og infusjonsdyr trampar i salaten i vomma og er med og omdannar «råvarene» til meltberre emne. Og når dei sjølv døyr tener også dei til næring for kua.

Men i denne biokjemiske prosessen vert det danna gass, ikkje minst metan. Denne gassen kjem ikkje ut bak, men framme. Kua rapar! Vomgassen vert i samband med peristaltikken i vomma ført opp og ut gjennom kjeften. Og denne gassen kan sjølvsagt vera med på å forureina lufta. Av og til hender det at noko set seg fast (potet, roebete eller liknande) i spiserøyret slik at gassen ikkje får avlaup. Då «bolnar» kua opp (trommesjuke), hjarte og lunger vert komprimerte. No kan kua verta som ein ballong, men ikkje slik at ho lettar. Då gjeld det å få opna opp for gassen slik at dei biokjemiske prosessane i vomma kan halda fram og me kan nyta mjølk, fløyte, rjomegraut, mjølkering, iskrem og mykje anna godt. Og råvarene til alt dette gjev naturen oss. Det sørgjer kua for. Me kan sjølvsagt ikkje leva av gras in natura. Difor er det viktig å ikkje setja korken i feil hol.

K.J. Lamberg

Avskilta kureparatør

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags