Sparka frå seg på cup

Trio: Bak frå venstre Rolf Vidar Hansen (Manager), Daniel Musland Hauge, Brynjar Olderkjær, Elias Aarro Pedersen, Olav Vågen Heggøy, Sander Elias Ødegård Vik, Preben Hauge, Veronika Vågen (lagleiar),
Framme frå venstre: Lukas Nupen, Sander Åsen Pedersen, William Myrvold-Thomsen, Mattis Eskeland, Patrick Grønstøl Hansen. (Foto: Privat).

Trio: Bak frå venstre Rolf Vidar Hansen (Manager), Daniel Musland Hauge, Brynjar Olderkjær, Elias Aarro Pedersen, Olav Vågen Heggøy, Sander Elias Ødegård Vik, Preben Hauge, Veronika Vågen (lagleiar), Framme frå venstre: Lukas Nupen, Sander Åsen Pedersen, William Myrvold-Thomsen, Mattis Eskeland, Patrick Grønstøl Hansen. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei rekkje lag frå Kvinnherad har i helga spelt turneringar ute i den "store verda".

DEL

I Etne var det i helga Etne cup, og mellom deltakarane der var Halsnøy sine 11 år gamle jenter. Som vanleg slår jentene frå Halsnøy bra frå seg når dei speler fotball, og jentene som er fødde i 2007 og 2008 vann alle kampane sine mot Søfteland, Stord, Vedavåg, Selbjørn og Avaldsnes.

Halsnøy: Bak frå venstre: Lagleiar Christine Solheim Fjelland, Tomine Habbestad Lygre, Mia Øvrevik Farestad, Siren Alvær Sjo, Ingeborg Isdal Hvidevold, Merili Kaur, lagleiar Jenny Alvær. Framme frå venstre: Marthe Alvær Kristensen, Mari Vaagen Matre, Ariel Engelsen Øvrevik, Frida Solheim Fjelland, Tilde Grøndal Eide, Ingrid Eik Arnevik. (Foto: Privat).

På Voss Cup var det lag frå både Rosendal og Trio. Rolf Vidar Hansen kom direkte frå landskamp mellom Norge og Brasil og hadde med seg to gutelag til Voss Cup, med gutar fødde i 2009. Etter landskampen har no Hansen skifta frå å vera trenar til å vera «manager» for gutane. Det fungerte bra og dei to Triolaga storspelte i cupen og vann alle sine åtte kampar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags