«Er det greitt å ekskludera barn i idretten? Nei, det er det sjølvsagt ikkje»

Av
DEL

MEININGAR:For tusenvis av fotballglade barn og ungdommar er fotballcup eit av sommarens høgdepunkt. Dei unge førebur seg godt, trenar ekstra mykje, og laga samlar inn pengar til reisekassen. Det er mange turneringar å velja mellom, men Norway Cup i Oslo er den klart største. Forventningsfulle gjer spelarane seg reiseklare, og mange foreldre, søsken og familiemedlemmer følgjer med som heiagjeng. For desse er også fotballcup blitt ein fast post på ferieprogrammet. Reisa, samhaldet, og den sosiale ramma gjer fotballturneringar ekstra spanande og givande. Dette er idrett, leik, moro og sosialt fellesskap i skjønn foreining.

Diverre er det ikkje alle som kjem heim med gode opplevingar. Dei siste vekene har vi hatt fleire lesarinnlegg frå frustrerte fotballforeldre, mellom anna i Bergens Tidende. Temaet er barn som ikkje får speletid og topping av laga. Det gir inntrykk å lesa dette. Dumt for dei som har reist langt for å sjå sine håpefulle på fotballbanen, men ekstra vondt er det å ta imot gråtande barn som har fått lite eller inga speletid. Mykje tyder på at dette gjer seg gjeldande i større og større grad, og det gjer meg både provosert og eitrande forbanna.

Vi må heller ikkje gløyma at for mange er deltaking på fotballcupar også blitt ein kostbar affære, og det er ikkje verdt prisen om vi får våre håpefulle heim i gråt grunna «benking». Deltakaravgifta må også haldast lågast mogleg, slik at alle som vil har råd til å bli med.

Konkurranseelementet er sjølvsagt viktig i all idrett, og ingen synest det er gøy å tapa. Jubelen når laget til våre håpefulle scorar og vinn kampar, er viktig for både spelarar og heiagjengen på sidelinja. Men, og det er diverre eit stort men: Kva med dei som stod klare og aldri fekk koma innpå? Korleis trur trenarar og lagleiarar at dei har det? Er det greitt å ekskludera barn i idretten? Nei, det er det sjølvsagt ikkje.

Vi vaksne må ikkje bli så opptatt av resultat at vi gløymer verdien av breiddefotball, og viktigheita av at alle får koma innpå i løpet av kampen. Dette betyr ikkje lik speletid for alle, men alle må bli vist tillit, slik at kvar og ein kan ta del i sigeren eller tapet. Det er inga god kjensle å sjå alle vennene springa rundt og feira ein siger, når du veit med deg sjølv at du ikke har bidrege. Ikkje eit minutt eller to, eingong.

Debatten som har kome opp i mange aviser etter sommarens fotballcupar er viktig, og alle idrettslag må ta problematikken om inkludering og speletid opp til diskusjon. Gjer ein ikkje det, vil resultatet bli fråfall, og mange barn og unge vil slutta med fotball. Mellom desse også mange talentfulle spelarar. Det finst nemleg mange døme på at det ikkje alltid er dei største stjernene i barne- og ungdomsåra som blir dei beste fotballspelarane på seniornivå. Det finst derimot mange døme på at barn og unge har fått alvorlege nedturar som følgje av at dei ikkje får tillit og speletid.

Sponsorane bør også koma på banen, og setja tydelege krav om at «benking» av barn og unge ikkje blir akseptert. Dei beste spelarane blir uansett tatt godt vare på gjennom sonesamlingar og kretslag. Langt meir alvorleg er det at mange unge sluttar med fotball, sjølv om dei elskar sporten.

Eg ser at dette lesarinnlegget kan oppfattast som surmuling og kritikk. I likskap med foreldre flest, er eg sjølvsagt svært takksam for all den frivillige innsatsen som trenarar og støtteapparatet gjer. Men desto viktigare er det å seia frå. Vi må våga å ta diskusjonen om inkludering og speletid. Suksess i barne- og ungdomsidrett kan nemleg ikkje berre målast i sigrar og pokalar.


Knut Førland

Fotballinteressert far

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags