Skræmande fakta om kunstgrasbanar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


I ei konsekvensutgreiingom kunstgrasbanar bestilt av Miljødirektoratet, er det ein del skræmande faktaom kunstgrasbanar. I Norge er det no rundt 1.700 kunstgrasbanar, og berekningarhar vist at kvar av banane blir etterfylte med rundt 3–5,5 tonn gummigranulatper år. Mest brukt er gummiknottar laga av bildekk. Berre eit mindretal avbanane har fysiske sperrer for å hindra spreiing, og svært få har rutinar ellerutstyr for fjerning og oppsamling av granulat frå kle og sko.


Den komandeforskrifta som er konsekvensvurdert inneheld krav om:

• Ei fysiskbarriere rundt banen.

• Handteringav drens- og overvatn.

• Tiltak for åhindra spreiing av gummigranulat frå brukarar av banen.

•Informasjonsformidling.

• Forsvarleg handteringav snø, og

•Avfallshandtering/ombruk

«Samla vilkrava kunna utløysa tiltak som reduserer utsleppa med opptil 98%, frå meir enn1.500 tonn til 30 tonn, og dermed redusera ei betydeleg kjelde til utslepp avmikroplast til miljøet», heiter det i konsekvensutgreiinga.

Kostnaden forkvart enkelt anlegg vil variera, alt etter korleis det står til i utgangspunktet.

«Vi anslår atkostnadane kan variere frå rundt 300.000 kroner til 1,2 millionar kroner forkvar 11-ar-bane», skriv Miljødirektoratet i konsekvensutgreiinga.

Artikkeltags