Viser 500 kampar direkte frå Norway Cup: Desse Trio-, Halsnøy- og Rosendal-kampane blir strøymde

Snart er det klart for sommarens vakraste eventyr for rundt 200 unge fotballspelarar frå Kvinnherad. Her frå eit intervju med G16-laget til Trio/Halsnøy tidlegare i juli. Foto: Tomas Bruvik.

Snart er det klart for sommarens vakraste eventyr for rundt 200 unge fotballspelarar frå Kvinnherad. Her frå eit intervju med G16-laget til Trio/Halsnøy tidlegare i juli. Foto: Tomas Bruvik.

På Kvinnheringen.no kan du frå søndag av sjå fleire lokale lag i aksjon under verdas største fotballturnering i hovustaden!

DEL

1.900 påmeldte lag. 30.000 spelarar. Rundt 5.000 kampar. Deltakarar frå 50 nasjonar.

Frå 28. juli til 4. august går verdas største fotballturnering for barn og unge av stabelen.

Fotballfesten i Oslo er ein årleg tradisjon for fleire av Kvinnherad-klubbane. Rosendal stiller i år med sju lag, medan Trio sender fem, eitt av dei G16-laget til Trio og Halsnøy. Uskedalen har med to lag til Ekebergsletta og Halsnøy eitt.

  • Er du på Norway Cup? Ta gjerne kontakt med Kvinnheringen på tlf. eller redaksjon@kvinnheringen.no dersom du har tips eller foto du ønsker å dela!

Nokre har vore med fleire gonger før – andre reiser for første gong. På Ekebergsletta blir det utvilsamt skapt minne for resten av livet kvar einaste sommar.

Søndag brakar det laus. Då kan ein mellom anna sjå G16-oppgjeret Kvaløya SK–Trio/Halsnøy direkte på Kvinnheringen.no!

Norway Cup kjem nemleg til å setta ny TV-rekord i år. Det har aldri blitt overført så mange kampar før.

Amedia, VG og TV 2 skal senda rundt 900 kampar direkte frå turneringa i Oslo.

Amedia, som er Kvinnheringen sin eigar, satsar stort på strøyme-TV, og kjem til å senda rundt 500 Norway Cup-kampar.

– I fjor følgde tusenvis av abonnentar kampane frå Norway Cup gjennom si lokalavis. I år har vi òg Nettavisen med på laget, og girar opp dekninga, fortel Jostein Larsen Østring, som er direktør for innhaldsutvikling i Amedia, til Norway Cup sin nettstad.

  • Oversikt: Kampane Amedia-aviser sender, er tilgjengelege for

    abonnementar

    gjennom sportsportalen Norgessporten, som til ei kvar tid er å finna på framsida til Kvinnheringen.no.

Dei fotballspelande ungdomane gler seg nok stort til å knyta fotballstøvlane og komma i gang.

Det gjer iallfall generalsekretær Tony Isaksen i Norway Cup:

– Klubbar og lag frå alle fylke i Norge er representerte i årets Norway Cup. Og mange av dei kjem også til å møta utanlandske motstandarar, seier Isaksen til sin eigen nettstad.

Desse lokale laga kan du sjå i aksjon hos oss under gruppespelet:

Måndag:

10.00: Trio G14 Raud vs. Alquds Hial Club
Gutar 14, gruppe 12, bane 7AEK7

11.40: Rosendal vs. Ulefoss SF
Gutar 16, gruppe 8, bane 2FU11

Tysdag:

16.30: Vålerenga Fotball Bohemene 1965 vs. Rosendal
Gutar 13, gruppe 35, bane 3VA9

PS: Husk at det kan komma endringar i kampprogrammet! Følg med på nettstaden til arrangøren. Det kan òg bli høve å sjå dei lokale laga i aksjon i sluttspelet, avhengig av kva bane dei skal spela på.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags