Johnny Furdal til medisinsk sjekk hos Viking

Johnny Furdal har hatt ein strålande vårsesong for Nest-Sotra. Truleg blir den tidlegare Rosendal-, Haugesund- og Trio-spelaren Viking-spelar i løpet av kort tid. Arkivfoto: Håvard Røyrvik.

Johnny Furdal har hatt ein strålande vårsesong for Nest-Sotra. Truleg blir den tidlegare Rosendal-, Haugesund- og Trio-spelaren Viking-spelar i løpet av kort tid. Arkivfoto: Håvard Røyrvik.

Artikkelen er over 1 år gammel

Nest-Sotra og Viking skal vera einige om ein overgang for midtbanespelaren.

DEL

32-åringen frå Dimmelsvik reiser i dag (torsdag) til Stavanger for å gjennomgå den medisinske sjekken hos Viking.

– Vi mistar ein uvurderleg spelar. Nest-Sotra har aldri hatt ein spelar som har gitt så mykje for klubben som Johnny. Det er ei ekte legende som gir seg. Det blir brukt mange store ord om han, men eg kan ikkje få sagt nok, seier Nest-Sotra-trenar Steffen Landro til Kvinnheringen torsdag føremiddag.

– Det går ikkje an å erstatta ein mann som Johnny. Då må du henta ein av dei beste Eliteserie-spelarane, og det er umogleg for ein klubb som Nest, seier Landro.

– Betaler 700.000

Johnny Furdal har vore i Sotra-klubben i over ti år. Han vart henta til klubben etter ein strålande sesong i Trio-trøya, som vart avslutta med tap for nettopp strilane i kvalifiseringa til 2. divisjon.

Viking ligg på tredjeplass i 1. divisjon med eitt poeng opp til Sogndal på den andre av to opprykksplassar. Aalesund toppar tabellen, fire poeng føre Viking. Stavanger-klubben rykte ned til nivå to i fjor for første gong sidan 1986.

Furdal har leverte sju mål og sju målgivande i serien denne våren, ifølgje statistikken.

I vinter var han med Brann på treningsleir til Gran Canaria, og han har tidlegare takka nei til Sogndal. Etter imponerande prestasjonar for militærtrøyene i ei årrekke, har mange i lokalfotballen lurt på kvifor ikkje den elegante midtbanespelaren har fått sjansen i ein større klubb.

Bergensavisen skriv at klubben frå Ågotnes får 700.000 kroner for kvinnheringen.

Stavanger Aftenblad melder at Johnny Furdal blir presentert som Viking-spelar på ein pressekonferanse klokka 14.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags