No startar det i Norway Cup

Gutane til Halsnøy har imponert og vunne alle sine kampar så langt. No er dei klare for semifinale. (Foto: Christine Solheim)
Dei første kampane i sluttspelet er alt i gang.
Seks av laga frå Kvinnherad kom til A-sluttspel, medan fire kom til B-sluttspelet.
Av Rosendal sine fem lag har tre kvalifisert seg for a-sluttspel, medan to er i B-sluttspelet.
Dei som er i gang alt er G 15, som speler mot Klementsrud no på morgonkvisten. G 14 kan du sjå på tv klokka 10.00 i dag, mot Bergsøy.
Jentene til Halsnøy er klare for 1/16-finale i dag klokka 11.00, dei møter då Sunndal. Dei avslutta med å vinna solide 8–0 i går.
Gutar 14 er og klare for a-sluttspel, etter å ha vunne alle sine kampar i innleiande rundar. Dei skal i sving mot Utleira i 1/16-finale klokka ni i dag.
Trio fekk eit lag til B og eit til A-sluttspel. Trio-laget som er i a-sluttspelet møter Førde i føremiddag.
Uskedalen sitt G13 lag fekk seg endeleg ein siger og vann 4–2 over Bergen Nord. Dei hamnar i b-sluttspelet, der dei klokka ni møter Sotra.
Resultat dag tre:
J 13:
Furuset – Rosendal/Uskedal 3–3 (B-sluttspel)
G 13
Uskedal – Bergen Nord 4–2
G 14
Rosendal/Uskedal – Ellingsøy 1–2 (A-sluttspel)
G 14
Halsnøy – Oppegård 2–1 (A-sluttspel)
G 15
Rosendal/Uskedal – Abildsø 0–3 (B-sluttspel)
J 15
Skåla IL – Rosendal 0–3 (A-sluttspel)
G 16
Trio 1– Stranda 2–6 (B-sluttspel)
Trio 2 – Falkeid 4–1 (A-sluttspel)
G 16
Bækkelaget 2 – Rosendal TL 2–5 (A-sluttspel)
J 16
Halsnøy – Heddal 8–0 (A-sluttspel)
Resultat dag to:
J 13:
Rosendal/Uskedal – Lyn 1-1
G 13
Uskedalen – Bergsøy 1–2
G 14:
Rosendal/Uskedal–Holmlia 1-1
G 14
Halsnøy– Bjørn 3-2
J 15
Rosendal/Uskedal–Stabæk 0–3
G 15
Rosendal/Uskedal–Steigen 0–2
G 16
Rosendal/Uskedal–Nordal/Eidsdal/Geirangar 7–3
G 16
Trio 1 – Nesodden 1-0
Trio2 – Blindheim 2–1
J 16
Halsnøy – Sykkylven 1–0
Resultat frå første dag:
J 13:
Rosendal/Uskedal– Haugar 0–7
G 13
Uskedalen – Rising Star 1–7
G 14:
Rosendal/Uskedal–Gjerstad 2-1
G 14
Halsnøy– Øyer Tretten 4-2
J 15
Rosendal/Uskedal–Raufoss 4–0
G 15
Rosendal/Uskedal–Skeid 0–9
G 16
Rosendal/Uskedal–Askvoll og Holmedal 6–2
G 16
Trio 1 – Stamsund 3-4
Trio2 – Besa 1–6
J 16
Halsnøy – Heddal 11-1
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!