Romjulscupen sparka i gang

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I dag tidleg (2. juledag) vart den tradisjonsrike romjulscupen sparka i gang i Husneshallen. Romjulscupen er for mange jula sitt vakraste fotballeventyr på Husnes.

DEL

I løpet av to dagar skal 28 lag spela til saman 83 kampar før det heile endar opp med finalar sundag kveld. Her møtes toppspelarar, breiddefotballspelarar, unge, gamle, hokjønn og hankjønn, aktive og mosjonistar til venskapeleg og triveleg fotballdyst.

– Dette er både sosialt og spennande. Det er alltid kjekt å koma heim og møta gamle fotballvener som ein ikkje møter så ofte, seier Johnny Furdal.

Han har vore ein av dei sentrale spelarane for 1. divisjonslaget Nest Sotra dei siste åra. Men no er det heider og ære i romjulscupen som gjeld.

– Vi er ein fin gjeng, og vi er her for å vinna. Alle seier dei er her for å kosa seg og ha det gøy, men innerst inne ønskjer alle å vinna, meiner Furdal.

Han måtte opp grytidleg i dag, for å vera kampklar i Husneshallen klokka 08.00.

– Det var heilt greitt å stå tidleg opp, då får ein meir ut av dagen, meiner Furdal.

Då klokka passerte 12.00 hadde han alt vore i aksjon med laget sitt, The Torstein Monsen Experience, i fire kampar. Tre sigrar og ein uavgjort stod laget bokført med. Det heldt til puljesiger og sluttspelkampar dagen etter.

I sommar fekk Furdal tilbod om å spela tippeligafotball for Sogndal, men han avslo tilbodet. Nest Sotra måtte ta steget ned i 2. divisjon etter årets sesong, men kva som skjer vidare med 29-åringen si fotballkarriere, er per i dag litt usikkert.

– Eg har kontrakt med Nest Sotra ut 2017-sesongen. Men klubben har sagt at dersom det kjem eit attraktivt tilbod, så skal ikkje dei vera vanskeleg, seier Furdal.

– Veit du om det er andre klubbar som ønskjer deg med på laget?

– Nei, eg har ikkje høyrd noko. Men akkurat no, står fotball-Norge litt stille. Det vert nok litt meir aktivitet når vi kjem ut i januar. Eg trivest godt i Nest Sotra, og stressar ikkje med noko klubbskifte, seier midtbanespelaren.

No drøymer han om ein finaleplass i Trio sin romjulscup, til liks med mange av dei andre spelarane som er i gang med sine kampar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags