Rosendal/Uskedal G16 til bronsefinale

Rosendal/Uskedal G16 jubla etter kvartfinalen tidlegare i dag, men tapte dessverre semifinalen seinare mot Førde. (Foto: Vidar Alfarnes).

Rosendal/Uskedal G16 jubla etter kvartfinalen tidlegare i dag, men tapte dessverre semifinalen seinare mot Førde. (Foto: Vidar Alfarnes).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det var ein svært jamn første omgang. Førde tok leiinga etter ni minutt, og etter det heldt det fram med å vera jamt mellom dei to laga, utan at det vart produsert veldig mange store sjansar. Rett før pause skjedde ein snodig episode, der Rosendal sin keeper klarerer rett i dommaren. Ballen sprett tilbake og ein Førde-spelar kan setja ballen i ope mål, men då bles dommaren av og dømmer dropp. Det kan Rosendal prisa seg lukkeleg for.

I andre omgang må gutane frå Kvinnherad framover på banen. Dei pressar på, og har blant anna to skot i stolpen, men ballen vil ikkje i mål. I staden er det Førde som kontrar inn 2–0. Det vart også sluttresultatet.

Uansett – fantastisk innsats av gutane frå Kvinneherad, som får spela bronsefinale i morgon, fredag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags