Send oss påskebilde!

Jorun Larsen tok dette nydelege bildet til saka om 7. klasse på Uskedalen skule som har klekt påskekyllingar i klasserommet. Den finn du lenger ned på nettavisa. Har du teke koselege påskebilde blir vi glade om du sender dei til oss!

DEL

Med så nydeleg vêr som vi har for tida, ligg alt til rette for ein herleg ute-påske! Det blir neppe skiturar i låglandet, men dei som vågar seg høgt nok får nok trakka i snøen. Skal du grilla, ut på tur, leita etter påskeegg eller kosa deg med familien – knips bilde og send dei til oss! Vi vil samla bilda i ein bildeserie her på nettavisa, og i papiravisa neste veke.

Send bilda på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no, eller merk dei med #kvinnheringen på Instagram.
Hugs å få med fullt namn på personar på bildet og/eller kor bildet er teke og kven som er fotografen.

Artikkeltags