Send oss bilde frå 17. mai-feiringa di!

Frå feiringa av nasjonaldagen på Gråskallen i Herøysundet i fjor. Foto: Astrid Iren Ljone.

Frå feiringa av nasjonaldagen på Gråskallen i Herøysundet i fjor. Foto: Astrid Iren Ljone.

Av
DEL


I høve årets grunnlovsdag, køyrer vi i Kvinnheringen i gang ein aldri så liten fotokonkurranse.

Dei som sender oss bilde er automatisk med i konkurransen om eit gåvekort på 1.500 kroner frå Husnes Storsenter! Vi trekker ut éin vinnar blant dei innsende bilda.

Vi håpar lesarane vil senda oss mange kjekke bilde frå heile kommunen, som vi kan samla i bildeserie på nett og presentera i papiravisa.

Send bilda på e-post i høgast mogleg oppløysing til redaksjon@kvinnheringen.no! Hugs å ta med namn på fotografen, kven eller kva vi ser på bildet, og kor det er tatt.

Frist for å senda inn bilde og bli med i konkurransen er søndag 19. mai klokka 12.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags