Måndag kan du få tips av dei dyktige fotografane i Kvinnherad fotoklubb

Kvinnherad Fotoklubb vil svært gjerne ha fleire medlemmar, og vil derfor invitera til fotokveld. Her frå då klubben hadde stand på Fritidsmessa i Husneshallen i 2013. (Arkivfoto).

Kvinnherad Fotoklubb vil svært gjerne ha fleire medlemmar, og vil derfor invitera til fotokveld. Her frå då klubben hadde stand på Fritidsmessa i Husneshallen i 2013. (Arkivfoto).

Vil du bli ein betre fotograf? Kvinnherad Fotoklubb arrangerer open fotokveld førstkommande måndag kveld, i lokala til frivilligsentralen i Aksen på Husnes.

DEL

Møtet er ope for alle personar som er nysgjerrige på fotoklubben, eller berre har lyst til å læra seg enkle reglar for å forbetra bilda sine, melder klubben i ei pressemelding.

Atle Helland vil gå gjennom reglar for komposisjon, og visa dette i praksis med foto-døme. Dette kan vera nyttig anten om du bruker fotoapparat eller berre mobiltelefonen. På slutten av samlinga tar fotoklubben sine medlemmar imot spørsmål rundt foto, til dømes om kamera, komposisjon og teknikk. Dei har òg med seg litt ulike kamera-typar dei vil visa fram.

– Velkommen til ein kjekk og nyttig kveld for fotointeresserte, melder Kvinnherad Fotoklubb.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken