Lars Martin Teigen vart nummer tre i NM i foto. Sjå Kvinnherad Fotoklubb sine flotte bilde her!

Lars Martin Teigen fekk gull for bildet «Family Portrait».

Lars Martin Teigen fekk gull for bildet «Family Portrait».

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det er Norsk selskap for fotografi (NSFF) som årleg rangerer norske fotografar gjennom to rundar; vår og haust. No er haustrunden nyss gjennomført, og den dyktige fotografen frå Teigen kapra altså bronsemedaljen med 29 poeng. Lars Martin Teigen blei og rundevinnar i haustrunden 2017.

Sølvet gjekk til Geir Jartveit frå Skodje Fotoklubb (38 p), gullet tok Håkon Grønning, Trondhjems Kameraklubb (39 p). På klubbnivå vart Kvinnherad Fotoklubb nummer fire samanlagt.

Ringreven Atle Helland var ikkje i samanlagttoppen i år, men har tidlegare vunne tre gonger (1996, 2003 og 2011).

Poenga ein oppnår i konkurransane gir over tid utmerkinga "plakett" til dei dyktige fotografane. Når ein har oppnådd 25 poeng, får ein sin første bronseplakett, vidare får ein sølvplakett ved 50 poeng og gull etter 100 poeng. Eit såkalla «antatt bilde» gir eitt poeng, heiderleg omtale tre poeng, bronse fem

 poeng, gull 10 poeng.  

Alle deltakarane som representerte Kvinnherad fotoklubb fekk minst eitt bilde antatt.

Resultata til kvinnheringane:

Lars Martin Teigen:

Gullmedalje for bildet «Family Portrait», sølvmedalje for bildet «Waiting for the sun», ein heiderleg omtale for bilde «From the beginning to the end», ein heiderleg omtale for bildet «Dark Times», og fem bilde antatt.

Lars Martin Teigen fekk sølv for dette bildet kalla «Waiting for the sun».

Lars Martin Teigen fekk sølv for dette bildet kalla «Waiting for the sun».

Atle Helland:

Sølvmedalje for bildet «Haldor», heiderleg omtale for «Polarkveld», heiderleg omtale for «Reinsdyrbukk», og sju bilde antatt.

Atle Helland fekk sølv for dette bildet: «Haldor».

Atle Helland fekk sølv for dette bildet: «Haldor».

«Polarkveld» av Atle Helland.

«Polarkveld» av Atle Helland.

Ole Berntsen: 2 Bilder antatt.

«Lake» av Ole Berntsen.

«Lake» av Ole Berntsen.

Sigve Solheim: 1 bilde antatt.

«Makrell» av Sigve Solheim.

«Makrell» av Sigve Solheim.

Gunhild Kvåle: 1 bilde antatt.

«Speil» av Gunnhild Kvåle.

«Speil» av Gunnhild Kvåle. Foto:

Kai Egil Kvamsdal: 1 bilde antatt

«Kø» av Kai Egil Kvamsdal.

«Kø» av Kai Egil Kvamsdal.

Inge Audun Røssland: 1 bilde antatt

«Chickweed-wintergreen» av Inge Audun Røssland.

«Chickweed-wintergreen» av Inge Audun Røssland.

Jorun Larsen: 3 bilde antatt

«Going somewhere» av Jorun Larsen.

«Going somewhere» av Jorun Larsen.

Nils Magne Kloster: 3 bilder antatt

Winter morning av Nils Magne Kloster.

Winter morning av Nils Magne Kloster. Foto:

Lars Håvard Eikeland : 1 bilde antatt

The Owl av Lars Håvard Eikeland.

The Owl av Lars Håvard Eikeland.

Artikkeltags