Gå til sidens hovedinnhold

Fotoklubben stadig i norgestoppen – sjå bilde her

25. juni 2020, kl. 05:00

Kvinnherad Fotoklubb hamna i norgestoppen også i denne vårrunden i NM i fotografering. Kvar vår og haust konkurrerer fotografar tilknytt fotoklubbane i Norge, både individuelt og i eit klubbmeisterskap. Juryeringa i vårrunden vart denne gongen gjennomført av Belgian Federation of Photographers. I klubbkonkurransen vel kvar klubb ut 20 bilde som representerer klubben, og etter vårrunden 2020 ligg Kvinnherad Fotoklubb på delt fjerdeplass med Moss Fotoklubb. I alt deltok 33 fotoklubbar. Ni av dei lokale fotoklubbmedlemene fekk «antatt» eller betre for dei innsende bilda sine. Atle Helland og Nils Magne Kloster hanka inn kvar sin heiderlege omtale, som er hakket over antatt-kategorien. I alt var det 11 frå Kvinnherad Fotoklubb som sende inn bilde i kategoriane Natur, kreativ, farge digital, svart-kvitt digital, småformat papir, storformat papir og tema kolleksjon. Det er Norsk Selskap for Fotografi (NSFF) som arrangerer konkurransen, og i alt kom det inn 4.922 bilde i åtte klassar.