Framand båt observert i Uskedalen: Politiet mistenker ting som ikkje toler dagens lys

Illustrasjonsfoto frå arkivet.

Illustrasjonsfoto frå arkivet.

Søndag ettermiddag fekk politiet melding om ein tvilsam person i Uskedalen.

DEL

Politioverbetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor opplyser til Kvinnheringen at politiet i 15-tida søndag fekk melding om ein person som henta ved i ein privat hage i Uskedalen.

– På staden der han hadde vore blei det i tillegg funne ymse gods, som mellom anna ein sovepose, diverse verktøy, ein drill, ladarar og slike ting, opplyser Fosse vidare.

– Vi mistenker at det er ein person som har drive med noko som ikkje toler dagens lys, seier han.

– Steling og slikt då eller?

– Ja, vi mistenker det. Vi er interesserte i opplysningar dersom nokon merkar at dei manglar til dømes noko verktøy, seier han.

I tillegg blei det observert ein framand båt i fjøra i Uskedalen.

– Vi har fått melding om at denne båten ikkje vanlegvis er heimehøyrande i Uskedalen, seier han, og fortel at det dreier seg om ein kvit og orange båt av typen Askeladden. Båten har ein påhengsmotor med 25 hestar.

Politiet mistenker at denne kan vera stolen:

– Dersom nokon har ein slik båt, i første omgang på strekkja Husnes–Uskedalen, kan det vera lurt å sjå til den, seier politioverbetjenten.

Fosse opplyser vidare at politiet held på å nøsta opp i saka, og ber folk som kan ha relevante observasjonar eller opplysningar om å ta kontakt med det lokale lensmannskontoret.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken