Gå til sidens hovedinnhold

Framleis er det nesten 2.000 kvinnheringar som ikkje har registrert seg. Her er alt du må vita om vaksineringa

Det er opp til ein sjølv å få time til vaksinering.

Som Kvinnheringen har skrive fleire gongen før, må alle som no ønskjer å vaksinera seg, registrera seg i ReMin.

Då kan du registrera opplysningane dine, og svara på nokre spørsmål om helsetilstanden din. Der blir det også lagt ut ledige timar for etterfølgjande veke kvar fredag klokka 10. Ein må då sjølv gå inn på profilen sin og finna og bestilla ein bestemt time.

Ein må då vera i rett aldersgruppe skal ein få tilgang til dei ledige timane.

Færre dosar fører til lengre venting

Måndag kunne Kvinnherad kommune melda, både på Facebook og på nettsida si, at det no ikkje er fleire ledige timar før i slutten av juli. Det på grunn av reduserte tal på tildelte dosar, og dermed blir det ikkje lagt ut fleire ledige vaksinetimar før klokka 10 fredag 16. juli.

Det nyttar altså ikkje å ringa kommunen sin vaksinetelefon for å prøva å få koma til snarare, og det er godt, gammaldags tolmod som gjeld.

– Vi skulle gjerne fått vaksinert alle raskare, og vi har personell nok til det. Men no er det jo ein gong slik at vi ikkje får hosta saman fleire vaksinar enn dei som vi får tilsendt. Korleis vi ligg an i forhold til andre kommunar går mykje på aldersgrupperinga i ein kommune. I Kvinnherad er den eldste gruppa stor, kontra i byane kor dei yngste aldersgruppene er størst, og vi har dermed blitt hengande igjen ein del aldersmessig, sa kommuneoverlege Glenn A. Opland i eit intervju med Kvinnheringen sist veke.

Kommuneoverlegen ville samstundes minna om at det framleis var korona, sjølv om det kunne verka som at vi no var i oppløpsfasen:

– Mange er ganske «hissige på grauten», og vil anten påskunda eller utsetta vaksinedatoen sin grunna andre planar. Ein må hugsa at vaksinen bør koma i første rekke, og andre planar, som ferie eller anna, bør kunna venta nokre veker, sa han om det.

Dette er status

Alle som tar første dose med vaksine må samstundes legga til rette for å kunna ta dose to til fastsett tid. For at flest mogleg skal få første dose så snart som råd, er intervallet mellom dosane no 12 veker.

– Frå veke 27 held vi på med dei som er 18 til 24, samt dei som er 40 år eller eldre. Siste gruppa (25 til 39 år) startar vi med så snart vi får nok vaksinedosar levert, står det på kommunen sine heimesider.

Det er Pfizer/BioNTech sin Comirnatyvaksine kommunen no får.

Kvinnherad kommune skriv at dei neste veke (veke 27) truleg vil få 456 dosar vaksinar leverte. Av desse skal 103 gå til 2. dose, medan 353 skal gå til 1. dose.

Veka etter, altså i veke 28, får kommunen truleg 454 dosar.

– Vi er 13.020 innbyggjarar i kommunen. Av desse er 2.689 personar under 18 år, og skal ikkje ha vaksine per no.

1. juli hadde 5.902 personar fått første dose med vaksine i kommunen, og 2.553 personar var registrerte i ReMin, og venta på første dose.

Framleis er det 1.876 personar som er aktuelle for vaksine, som enno ikkje har registrert seg.

Korleis det ligg an med framdrifta på vaksinering i Kvinnherad, kan du elles følga dagleg her.

Les også

Gut (15) fann foreldra sine bilnøklar – tok med seg tre kameratar på køyretur midt på natta

Les også

Frustrerte over at vaksineringa går seint og at informasjonen er dårleg: – Mange er ganske «hissige på grauten», svarar kommuneoverlegen

Kommentarer til denne saken