Gå til sidens hovedinnhold

Framleis mange ledige vaksinetimar i Rosendal på fredag

Kvinnherad kommune melder på Facebook at det framleis er mange ledige vaksinetimar i samfunnshuset Rosendal førstkommande fredag (27. august), og oppmodar folk om å bestilla seg time der.

Det blir også drop-in vaksinering i Rosendal i morgon torsdag, frå klokka 14.30 – 15.30.

På Husnes (i Festsalen) er det vanleg timebestilling, men det er høve til å møta opp klokka 16.30 på torsdag for å sjå om det er fleire vaksinedosar igjen.

Har du problem med bestilling/registrering i Remin (https://timebestilling.remin.no) kan du senda ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no, skriv kommunen.

Les også

Rusten reagerer på negativ Tofte-innstilling: – Kommunen må ta ansvar

Kommentarer til denne saken