Under møtet i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune onsdag, tok Sigbjørn Framnes (Frp) til orde og bad om å bli orientert om innhaldet i eit møte mellom fylkeskommunen og Kvinnherad kommune før jul, som omhandla Fjelbergsambandet. Møtet gjekk av stabelen 21. desember, og Framnes hadde oppfatta at møtet hadde blitt oppfatta noko negativt.

John Martin Jacobsen, seksjonsleiar for forvaltning, utgreiing og geodata ved avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, var til stades ved dette møtet, og tok på seg å orientera Framnes.

Han sa at fylket sin intensjon er å jobba vidare med alle ferjeavløysingsprosjekt i Vestland, men:

– Me må forhalda oss til dei til ei kvar tid gjeldande regelverk for ordninga og jobba faktabasert. Og for ferjeavløysingsordninga er det krav om at reguleringsplan må føreligga, med uvisse på kostnadssida på maks pluss/minus ti prosent, sa Jacobsen.

Fakta og regelverk

Sigbjørn Framnes (Frp) sa han opplever at det er brei politisk semje om Fjelbergsambandet, og at då potensielle ferjeavløysingsmidlar nyleg vart rekna på var Fjelberg av dei få som kom godt ut. Han peikte òg på at ein har liggande føre ei bruløysing der ein annan aktør har signalisert å villa ta risikoen.

– Me treng eit fylke som er frampå og løysingsorientert. Eg opplever positivitet blant politikarane både i fylket og på stortinget kring dette, og meiner heile Vestland fylkeskommune må senda signal om at me ønskjer å bygga Vestland, sa politikaren frå Stord.

Jacobsen peikte igjen på at det ikkje var ønskjeleg å framstå som vanskeleg, men at administrasjonen må halda seg til fakta og regelverk. Han heldt fram med at det òg er andre utfordringar som må avklarast, til dømes må ein forholda seg til innkjøpsregelverket dersom ein privat tilbydar skal bygga.

Gunnar Moland (H) peikte på at Kvinnherad kommune har halde ekstraordinært kommunestyremøte for å prioritera Fjelbergsambandet, og etterlyste midlar til prosjektet i innstillinga til fordeling av planleggingsmidlar for 2022.

– Slik eg forstår det vil sambandet kunna få 960 millionar i ferjeavløysingsmidlar, det er vel nok til finansiera sambandet? Dette er eit håplaust samband slik det er i dag, meinte Moland.

– Som administrasjon må me som sagt forhalda oss til gjeldande regelverk, som no er ei kostnadsuvisse på pluss/minus 10 prosent. Kostnadsanslaget til Norconsult no er ei uvisse på pluss/minus 50 prosent, sa Jacobsen.

– Konstruktivt møte

Seksjonsleiaren meinte likevel at ein er på eit godt spor i høve til planlegginga, og peikte på at det viktigaste no er at ein får godkjent ein reguleringsplan av departementet slik at ein kan søkja om ferjeavløysingsmidlar.

– Og vi i fylket har sagt vi skal bidra med administrative ressursar. Elles kan eg legga til at vi skal ta kontakt med departementet for å få avklart moglegheita for å køyra dette som eit OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid).

Jannicke Bergesen Clarke (Ap), leiar for Hovudutval for samferdsle og mobilitet, deltok også på det omtalte møtet.

– Rart korleis ein kan oppleva det same møtet på så ulike måtar. Eg opplevde ikkje at det var eit negativt møte, men ein konstruktivt møte der vi fekk avklara mykje, slutta ho.