«Nåde» i Valen kyrkje

Desse tre i Ryfylke Livsgnist skal visa framsyninga «Nåde» i Valen kyrkje førstkommande torsdag; Trygve Spanne (t.v.), Tolli Frestad og Svanhild Eggebø Spanne. (Pressefoto).

Desse tre i Ryfylke Livsgnist skal visa framsyninga «Nåde» i Valen kyrkje førstkommande torsdag; Trygve Spanne (t.v.), Tolli Frestad og Svanhild Eggebø Spanne. (Pressefoto).

Av

Torsdag 21. mars kan du oppleva ei humoristisk, gripande og tankevekkande framsyning i Valen kyrkje.

DEL

I 2017 vitja Ryfylke Livsgnist kyrkja på Valen med framsyninga «Luther med latter». Dette var i samband med Martin Luther-jubileet som fann stad det året. Gjennom ei salig blanding av mykje humor og historiske tilbakeblikk, fekk dei tre skodespelarane formidla kva Martin Luther og kristendommen har hatt å seia for det samfunnet me lever i.

«Nåde» er ei ny framsyning frå den same gjengen som reiste rundt med «Luther med latter». Professoren som var ein av karakterane då, er «headhunta» som konferansier for kvelden, og byr på seg sjølv med sin lune humor og sitt originale vesen. Framsyninga byr på dramatisering av ulike historier, både historiske, bibelske og daglegdagse. Alt knytt opp mot, og saman med, bibellesing og songar. «Nåde» er ei framsyning som utfordrar både latteren og tårekanalane. Kontrastane og virkemidla er store og sterke og rører ved det djupaste i trua vår.

– Ønsket vårt med framsyninga er å formidla kva nåde er, kva det har betydd for menneske før oss, og kva det betyr for oss i dag, seier Svanhild Eggebø Spanne, som saman med Tolli Frestad og Trygve Spanne i Ryfylke Livsgnist gler seg til å koma til Valen kyrkje torsdag i komande veke.

Det er Trusopplæringa i kyrkja i Kvinnherad som står bak arrangementet. Like etter framsyninga vert det Medarbeidarfest i kyrkja, der ein har invitert frivillige medarbeidarar som er med og driv kristent barne- og ungdomsarbeid, enten i samarbeid med kyrkja eller knytt opp mot samanhengen.

Jan-Ove Fagerheim

Artikkeltags