Sjølv med nokre regndropar i lufta, var det fleire som tok turen innom den nye puben på Halsnøy på den offisielle opninga fredag.

Nokre av dei som var innom puben denne kvelden, og som faktisk var dei første offisielle gjestane der, var Kjell Magne, Hilde Kristin og Geir Tore. Dei hadde fått med seg at puben skulle opna, og måtte sjølvsagt vera der på opningsdagen.

Kjell Magne og Hilde Kristin kjem frå Rosendal, og la ikkje skjul på at dei synest det var utruleg kjekt at det har opna ny pub på Halsnøy.

– I Rosendal er det jo ein del pubar, men her på Halsnøy har dei ikkje så mange. Difor er det utruleg kjekt at det har opna ny pub her! smiler Kjell Magne, medan dei to andre nikkar seg einige.

Geir Tore, derimot, kjem ikkje frå Kvinnherad, men då han køyrde forbi eit skilt der det sto at det var opning av ein ny pub på Halsnøy, tenkte han at her måtte han innom – og nøgd var han då han fekk servert godt, lokalprodusert øl.

– Veldig godt! seier Geir Tore om ølet.

Også dørvakt Aleksander Romslo synest at det var kjekt med ny pub. Difor var han ikkje vond å be då han fekk tilbodet om jobb på «Puben på Halsnøy». Han fortel at han ser fram til å jobba på puben, og at han synest puben er eit godt tilbod for dei som bur på Halsnøy, men òg tilreisande.

– Eg trur det er eit flott tilbod for tilreisande fordi ein slepp å reisa til Husnes for å koma til nærmaste pub. Og av dei som bur på Halsnøy, så er det jo mange som har gåavstand til puben – som er veldig praktisk, smiler Aleksander.