Dei unge kvinnheringane Fredrik Gisholt Haugland og Viljar Simones Tveit har i fleire veker reist til Odda for å vera med i "Ragnarok" – Netflix sin fyrste internasjonale TV-serie på norsk. Det skriv Uskedalen.no.

Serien vert spelt inn i Odda og i Danmark. Ragnarok er eit oppvekstdrama med handling frå norrøn mytologi.

Les også: Sjå Henriette Steenstrup, David Sjøholt og Emma Bones på innspeling av Netflix-serien Ragnarok i Odda (Hardanger Folkeblad)

Fredrik og Viljar har ikkje høve til å fortelja for mykje frå produksjonen. Det er vanleg i all filming at det ikkje skal seiast for mykje om kva ein er med på, men dei har vore med på mykje filming, ute og inne. Netflix-serien skal ha premiere i 2020, på same tid i 190 land til 150 millionar abonnentar.

Odda vart valt fordi kommunen hadde infrastrukturen på plass med lokale, overnatting, matservering og lokasjonane for filming. Landskapet og naturen passa godt inn slik filmselskapet ville ha det. Ein sterk visjon og ein tydeleg koloritt er avgjerande for at filmprosjekta vert gjennomført. Borgen-skapar og TV-kokk Adam Price står bak serien.

Handlinga i serien Ragnarok er lagt til den fiktive bygda Edda. Dei som bur der, opplever at verda er i sterk endring med smeltande polar, varme vintrar og ekstrem nedbør. Nokre av dei unge skodespelarane er henta frå dei tidlegare produksjonane "Skam", "Heimebane" og "22. juli". Av meir kjende aktørar finn vi Henriette Steenstrup, Synnøve Macody Lund og Bjørn Sundquist.

Villa Vikinghaug er med i filminga. Tove Hilde og Terje Gravdal har restaurert og eig Vikinghaug i dag. Før budde dei i Uskedalen i det som vart kalla Villa Utsikten.