Gå til sidens hovedinnhold

UKK støttar friidrett

Artikkelen er over 6 år gammel

UKK gir støtte til Kvinnheradmeisterskapet i friidrett.

Elevrådet ved Husnes ungdomsskule har tatt initiativet til å arrangera eit eige Kvinnherad-meisterskap i friidrett for ungdomsskulane. Arrangementet går av stabelen på Husnes 17. juni, og  om lag 500 elevar har meldt seg på. Desse kjem frå alle ungdomsskulane, med unnatak av Øyatun. Det kostar å transportera alle deltakarane til Husnes denne dagen, nærare bestemt 22.356 kroner i bussutgifter, og det er denne kostnaden Ungdommens kommunestyre (UKK) finn å dekka, etter søknad frå elevrådet. Pengane vart løyvde på møtet i går.

Av saker stod berre denne søknaden på lista, men UKK hadde likevel fleire andre spennande tema oppe. Møtet vart halde på Kvinnherad vidaregåande skule, der Gry Hege Grønningen ønskte velkomen, fortalte om tilbodet ved skulen og viste rundt i bygga. Anne Synnøve Lønne frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland fortalte om rådet sitt omdømeprosjekt i Sunnhordland. Lisje Croles var tilstades og snakka om flyktningar, arbeidsinnvandring og integrering, medan kommuneplanleggjar Anbjørn Høivik snakka om planprogrammet for ny skulebruksplan 2016-2028. Dei unge politikarane fekk lunsj i kantinen.

Kommentarer til denne saken