NM-gull til Sundsteigen

Kristin Sundsteigen støytte til gull igjen.

Kristin Sundsteigen støytte til gull igjen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sikra åttande gullet på rad.

DEL

-Det blei litt meir spennande enn vi er blitt vant til, men Kristin Sundsteigen støytte lengst og vann sitt åttande NM-gull på rad.

Det vart jamt, men Kristin Sundsteigen fekk til slutt opp det lengste støytet med 13.63 meter i tredje forsøk og sikra seg med det NM-tittelen for åttande året på rad og NM-medalje for tiande gongen.

– Dette var veldig artig! Eg skulle ønskja eg var i betre form, men eg har vore sjuk heile den siste veka, så då blei det ikkje den store lengda, sa den strålande blide gullvinnaren etter å ha teke imot gullmedaljen.

Ho hadde vore heime med feber heile den siste veka, og ikkje blitt frisk før på konkurransedagen. Dermed var det litt ekstra nervar å spora hos kulestøytaren.

– Eg håpa det skulle gå greitt, for eg hadde veldig lyst på det åttande gullet, men det er klart at det er mykje som kan skje, særleg når eg ikkje er heilt i form.

NM i friidrett held fram til sundag og finn stad på Ravnanger stadion på Askøy utanfor Bergen. Det er den nye heimebanen til Sundsteigen som melde overgang til Ask ­– klubben til sambuaren hennar – før denne sesongen.

– Det har vore viktig å koma tilbake og konkurrera for ein vestlandsklubb. Det var kjempeartig å vinna her på heimebane i dag, gliser Sundsteigen.

Sindre Omvik var òg i aksjon i kveld, og fekk bryna seg på sjølvaste Henrik Ingebrigtsen. Sindre, som sprang sitt første NM-løp, blei teken godt imot av speaker Jo Nesse, som introduserte Omvik som ein ny og veldig spennande løpar. Utan meisterskapserfaring hamna Sindre diverre litt i bakleksa då spurten gjekk, og klarte berre nesten å henta inn norgeseliten på oppløpet.

– Eg låg litt for langt bak på slutten. Eg prøvde å forsera framover fleire gonger, men det var ikkje så lett. Det var kjekt å få bryna seg på dei beste, og eg kjem sterkare tilbake, sa Omvik før han skunda seg for å jogga ned. I morgon får han sjansen til å revansjera seg på 800 meter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags