Gå til sidens hovedinnhold

Kvinnhering sette norsk rekord

Artikkelen er over 4 år gammel

I helga var NM i friidrett for veteranar, og ein kvinnhering sette ny norsk rekord på 200 meter.

NM i friidrett for veteranar vart arrangert i Nes Arena i helga, og ein kvinnhering var i sentrum.

Den tidlegare Rosendal-løparen Asle Offerdal er framleis aktiv, og deltek i klassen 50-54 år. Han vann i 2016 same distansen, då på tida 27.72. At du blir eldre og treigare stemmer ikkje for Asle Offerdal, og i helga sprang han langt raskare enn i 2016. På 200 meter vart han som vinnar klokka inn på tida 25.10. Dette er norsk rekord for denne klassen. 

Offerdal spring no for BUL IL.

Kommentarer til denne saken