Gå til sidens hovedinnhold

Nytt Baroniløp på laurdag

Artikkelen er over 4 år gammel

I fjor stod det tradisjonsrike Baroniløpet i Rosendal opp att etter 21 års fråver.

Oppstandelsen var både ein deltakar- og publikumsmessig suksess, som arrangøren håpar å skapa på ny i år.

I år går løpet av stabelen for andre året på rad laurdag 22. april som det fyrste i Kvinnheradkarusellen i terrengløp.

Som i fjor vil løpet gå på grusveg, terreng og stiar, i løps, familie og publikumsvenlege løyper rundt Rosendal Avlsgard, med distansar frå ca 270 meter til 2,5 km.

Dei gode naboane og samarbeidspartnarane Omvikdalen IL & Rosendal Turnlag står også i år for arrangementet, og ønskjer hjarteleg velkomen til både deltakarar og publikum. Påmelding må skje innan fredag.

Etter at Baroniløpet er unnagjort, vil Kvinnheradkarusellen i terrengløp halda fram slik, laurdag 13. mai - SPAR-løpet, Uskedalen - Uskedal IL, onsdag 24. mai . Kvinnherad-meisterskapen, Husnes - IL Trio, lørdag 3. juni - Åkraløpet, Åkra - Matre I L.

Kommentarer til denne saken