Gå til sidens hovedinnhold

Klart for nytt meisterskap

Artikkelen er over 6 år gammel

Mellom 400 og 500 ungdomar deltar 17. juni i det som truleg er det største lokale friidrettssarrangementet til no.

Det er eit stort og krevjande arrangement elevrådet ved Husnes ungdomsskule har teke initiativet til. Nykomaren «Kvinnheradmeisterskap i friidrett for ungdomsskulane» går av stabelen i Husnes Idrettspark onsdag 17. juni, med elevrådet som arrangør og 100 tilsette ved dei deltakande ungdomsskulane som funksjonærar. Representantar for alle skulane har vore med på arbeidet med utforminga av innhaldet. Konkurransen er laga for dei om lag 500 elevane ved ungdomskulane i Rosendal, på Hatlestrand, i Åkra og på Husnes. Øyatun ungdomsskule hadde ikkje høve til å delta.

– Vi gjer dette for at ungdomar frå heile kommunen kan møtast og gjerne få nye vener, for å ha det kjekt og for å fremja interessa for friidrett, seier elevrådsleiar Brede Grønningen jr.

Dei aller fleste elevane har meldt seg på i inntil tre øvingar. For dei elevane som ikkje ønskjer å konkurrera, er det lagt til rette for aktivitetar som spikerslag, balltriksing, bøttehalding og hesteskokasting. Å vera med på noko er obligatorisk, men elevane står fritt til å velja vekk konkurransegreinene.

Ti øvingar

Ikkje mindre enn ti øvingar står på konkurranseprogrammet. Liten ball, lengde, 60 meter, høgde, terrengløp (2,7 km), kulestøyt, spydkast, 800 meter, slengball og stafett. Det meste går føre seg på stadion, men grusbanen, terrenget og ungdomsskulen vert òg tekne i bruk. Det vert konkurrert i eigne klassar for gutar og jenter på dei ulike trinna. Flotte pokalar er i vente for dei tre beste i kvar konkurranse, sponsa av SR-bank.

Den mest staselege pokalen på stemnet er ein blankpolert vandrepokal. Den går til vinnaren av stafetten med mixa lag; to gutar og to jenter frå kvar skule. Dei fire etappane er høvesvis 100 m, 200 m, 300 m og 400 m. Håpet er at arrangementet blir årvisst. Skular som vinn stafetten tre år på rad, får pokalen til odel og eige. Arrangøren håpar på eit stort publikum.

– Foreldre, besteforeldre, slekt og vener, kom til Husnes Idrettspark 17. juni, er oppmodinga. Kiosk er open heile dagen, og sjølvaste ordføraren står for den offisielle opninga.

Kommentarer til denne saken